Sandkasse uten regler

feature image

Gjesteblogg:
Rundt 40 elevar, både gutar og jenter, samla seg på tysdag i klasserom nr. 214 for å spele dataspel i lag. Spelet heiter “Minecraft”, og er verdas mest kjøpte spel med over 18 millionar eksemplar selde. 

DSC_3441 copyMinecraft kom ut i 2009 og er eit “kreativt sandkassespel”. Det vil seie at du kan gjere kva du vil utan begrensningar eller reglar. Det er noko av det som gjer det så bra eigna til undervisning. I klasserommet stod Roald Torkildsen som er leiaren for minecraft-prosjektet. Han fortalde at “framtidas jobbar kjem til å være på pcen, likt som dette”.  Alle elevane logga seg inn med minecraftkontoen sin, og fann sin eigen plass på skulen sin private server. Der skulle dei byggje ting med temaet “bærekraftig framtid og grøn innovasjon”. Det kunne være kva som helst. Torkildsen såg for seg at byggplanleggarar i framtida kjem til å bruke spel som minecraft til å planlegge byggverk i lag med andre som kunne opphalde seg på andre sida av kloden.

Då eg kika rundt meg og såg at alle saman jobba med sitt eige prosjekt, enten i grupper eller aleine, tenkte eg at Roald hadde rett med det han hadde sagt. Omtrent alle var motiverte og hadde det gøy. Latter og intense diskusjonar spratt fram og tilbake. Eit anna tydeleg teikn på at folk koste seg var at alle gløymte ut at dei kunne ta friminutt innimellom bygginga.

Av dei ulike strukturane var det eit par useriøse, eit par uferdige og nokre ambisiøse. På serveren fann eg blant anna eit slott, eit par drivhus, ei hand, ein enorm kuppel og ein stupbratt berg- og dalbane. På slutten av framidtsdagane skal det kårast ein vinnar av alle ideane, byggverka og designa. Det gjeld å være kreativ, og jobbe intenst dei neste dagane. Alt mot ei betre og lysare framtid.

Konstruksjon av eit framtidshus pågår. (Skjermdump fra gameplay)
Konstruksjon av eit framtidshus pågår. (Skjermdump fra gameplay)

Se flere bilder fra workshopen på vår Flickr-konto.

Tekst: Thor Sundal (3MK)
Foto: Petter Villanger (2MK) og Thor Sundal (3MK)

Thor Sundal, tredjeklasseelev på MK, er hjelpelærer på workshopen Next Level: Minecraft under Framtidskonferansen. I denne reportasjen forteller han om hvordan workshopen gikk og hva deltagerene har laget.

 

 

 

Kommentarer