Filmmelding: Familien som nesten vart tatt av skredet

Johannes Kuncke,  Lisa Loven Kongsli, Clara Wettergren og Vincent Wettergren poserar som ein god familie, i filmen Turist (2014). (Foto: Arthaus)

Ruben Östlund set mannerolla i eit nytt lys i årets beste Skandinaviske komedie, men det er ikkje ein film som passar for alle.

Thor Sundal meiner "Turist" er årets beste skandinaviske komedie
Thor Sundal meiner «Turist» er årets beste skandinaviske komedie

Korleis skal Tomas forklare til familen sin at han prioriterte Iphoen over ungane sine då dei tilsynelatane skulle bli begravd i eit digert snøskred? Familien som består av ei norsk mor og ein svensk far er på skiferie i Alpene med ungane. Planen er å slappe av og nyte livet, men alt blir snudd på hovudet då dei nesten blir tatt av eit skred. I Turist dissekerar dei situasjonen og faren, Tomas, blir offeret i noko som visar seg å gå djupare enn overlevingsinstinktet.

Pinlige situasjoner
Kva ville du ha gjort i ein sånn situasjon? Dette tvingar Turist deg til å tenke over om og om igjen. Dette er ein film som avbilder ein typisk Skandinavisk familie med problemar. Vrange ungar, kranglane foreldre og klisjear du kjem til å kjenne deg igjen i. Regissør Ruben Östlund har ein veldig unik måte å framstilla scenane på. Han får det til å sjå ut som om du er tilskodar til alt saman med stilleståande kameravinklar som ofte kan vare i fleire minutt. I starten verkar dette veldig sakte og kjedelig, men etter kvart byggar det på humoren og du kjem til å elska det.

Dei daglegdagse oppgåvar som å pusse tenner blir også morosamt med den rette stemniga, i filmen Turist (2014) (Foto: Arthaus)
Dei daglegdagse oppgåvar som å pusse tenner blir også morosamt med den rette stemniga, i filmen Turist (2014) (Foto: Arthaus)

Kosebamsen Hivju
Svenske Johannes Kuhnke naglar rolla som den litt tragiske småbarnsfaren Tomas som nektar skyld, og norske Lisa Loven Kongsli utøver si rolle som familiemoren Ebba med klasse. Høgdepunktet for meg var likevel Kristoffer Hivju som spelte den gamle ski-vennen til Tomas. Hivju er ein ekte kosebamse som ser humoren og ironien i det heile, han prøvar å forsvare Tomas med alt han har, men endar bare opp med å øydelegge for seg skjølv.  Han er ein godt skriven karakter som fekk meg til å le meir enn nokon av dei andre. Eg er sikker på at me kjem til å få sjå meir av han i framtida.

Det største hødepunktet, Kristoffer Hivju som speler gammal ski-venn i filmen Turist (2014) (Foto: NRK / Martin Aas, 2013)
Det største hødepunktet, Kristoffer Hivju som speler gammal ski-venn i filmen Turist (2014) (Foto: NRK / Martin Aas, 2013)

Östlund eksperimenterer
Du kan ikkje forventa å le deg gjennom heile filmen, men Turist prøvar heller ikkje dette. Det følest nesten meir som ein tragedie enn ein komedie til tider. Det er heile situasjonen og dei intelligent skrivne dialogane som gjer Östlund til ein av nordens beste filmskaparar og Turist til det ned er. Han brukar for eksempel ofte stillheit som eit element for å skape ein pinleg stemning fleire ganger avbroten med eit eller anna totalt uventa. I ein scene satt dei rundt eit bord då ein flygane drone plutseleg kjem inn og endrar settinga heilt.

En klassiker
Eit genialt soundtrack er også med på å løfte Turist til det neste nivået innan nordisk komedie. Dette er ein film som alle kan nyte, men aller helst dei som har opplevd det typiske familielivet. Trenger du eit par latterkuler i høstens mørke kinosesong, eller bare vil nyta ein nytenkane og kreativ nordisk filmskapar, er Turist noko du bare må sjå.

Terningkast: 5

Tekst: Thor Sundal

Kommentarer