Dracula Untold – Filmmelding av Thor Sundal

Dracula Untold

Høstregnet slår mot rutene, det blåser storm ute og skrekkfilm sesongen har akkurat begynt. Kva bedre måte er det vel å ikkje å starte oktober med enn ein god gammaldags drakula film?

Dirigert av nykommer Gary Shore, er Dracula Untold ein actionfest fra start til slutt. Gløym det du visste om nattens herskerar, vampyren. I denne heseblesande filmen treffer me Luke Evans, som spiller Vlad the Impaler aka Dracula, og dei kunne ikkje ha valgt noken betre.

Handlinga føregår i Transylvania (Romania) og den Tyrkiske hær held på å ta over Europa. For å beskytte landet sitt og familien sin er prins Vlad nøtt til å ofre sin menneskeligheit og bli ein vampyr. Når han inngår ein pakt med ein eldre vampyr får han krafta til å sjå i mørket, helbreda sine eigne sår, reise i form av ein flokk med flaggermus og superstyrke. Haka med dette er at han alltid har ein tørst for menneskleg blod.

Viss du kjem innpå kinoen for å sjå ein grøssar blir du nok skuffa. Filmen har få jump scares, men for å være heilt ærlig, så hadde den ikkje trengt fleire. Dracula Untold er meir ein kombinasjon av Ringens Herre og Batman, blanda saman med nokre fantastiske CGI scenar og eit soundtrack som sitter som hand i hanske. Det er fortsatt noko som ikkje stemmer heilt. Filmen får meg aldri til å værkelig være redd for hovudpersonen, den kunne nok ha hatt ein litt mørkare atmosfære og historia er langt i frå original.

Alt i alt vil eg anbefale filmen til alle som likar rå action og episke slåsskamper. Det er ein film som ikkje kjem til å legge eit betydelig merke på historia, men som eg nøyt å sjå.

Terningkast: 4

Kommentarer