Streiken kan få konsekvensar

13

To veker med streik er endeleg over. Dei fleste elevar er ikkje akkurat overlykkelege for dette, men nokre er glade for å endeleg starte på det siste året. Det er nemlig siste sjanse for å oppnå deira personlege mål. Streiken stal nemleg vekk to veker av verdifull tid som må bli tatt igjen seinare. På eksamen er det ingen nåde.

  • Over 7800 lærarar var tatt ut i streik mellom 11. august og 1. september.
  • Streiken starta i 1. Juli, då Utdanningsforbundet tok ut 33 lærarar ved Rothaugen skule i Bergen.
  • Det var KS og Utdanningsforbundet som blei enige 26. mai om ein ny arbeidsavtale for lærarane.

Kilde: NRK/NTB

Eg møtte på Benedicte Olesen og Thomas Sørsdal, to tredjeklassingane frå NGV, som sto å spelte bordtennis, og høyrte på kva dei hadde å seia om saken.

– Korleis følar dykk at streiken påverkar eksamen?

– Sidan dei streika ei stund, så kan det jo gå ut over at vi ikkje får lært alt vi skal i forhold til eksamen, og det har jo ein negativ effekt, sa Benedicte mens ho slo ballen tilbake til Thomas.

– Hadde streiken vart i ei veke til så hadde eg vore meir bekymra, og akkurat no tenker eg ikkje så veldig mykje på det, forsettar Olesen.
Det er ikkje så mange som tenker på eksamen så tideleg på året, og for dei fleste var det bare herlig med et par ekstra veker å nyte livet før det hektiske siste året på vidaregåande. Problemet er at for dei fleste kommer ikkje karakterar gratis, og kva kan du gjera for å ta igjen det tapte?

– Eg trur ikkje fleire skuletimar vil hjelpe. Du må eigentleg jobbe med det heime, men det kan gå på motivasjonen, og du mister fort lysten til å arbeide sidan det ikkje er din feil, legger Benedicte og Thomas til.

Uansett er det ingen gode løysningar, og det er opp til kvar enkel å finne ein måte å ta igjen det dei mista under streiken.

Tekst og bilde: Thor Sundal og Anders Andersen

Kommentarer